Hiroshima, 6. august 2018

73 år etter bomben var eg tilstades på minnedagen i Hiroshima den 6. august 2018. Tusenvis av japanske og framande samlar seg i fredsparken midt i byen "for å trøyste sjelene til ofra og be for fred". Hundrevis av friviljuge møter og hjelper oss, speidarar og barn deler ut blomar og program, trane-origami-papir og instruksjonsark, kvinner og menn held reip og skilt for å leie folkemengda i rett retning. Ein varm solskinsdag i Sør-Japan krev og at nokon delar ut koppar med gratis kaldt vatn, og (særs velkoment!) små, samanrulla, våte og iskalde klutar til kjøling. Sjølvsagt må ein pårekne kø og ståplass. Folkemengda heldt ut varmen og minna i talene for dagen med alvorleg tolmod, og tek av hattane for å be stille med lukka auge klokka 8:15.

Ettersom eg er attkjenneleg utanlandsk fekk eg og utdelt invitasjon til eit arrangement der hibakusha - overlevende - skulle fortelje på engelsk. Sjølvsagt var dei som fortsatt er overlevande ganske unge for 73 år sidan - ein av dei var eit ufødt barn. Men tre menneske delte familie- og eigenopplevd historie med oss. Ei kvinne fortalde til og med historia si til publikum for fyrste gong.

Eg har aldri før verkeleg skjønt kor tungt arbeid det er å halde minnene frå 6. august 1945 i hevd. Å attfortelje dei traumatiske hendingene er sjølvsagt eit tung kjenslearbeid for hibakusha. Eg trur arbeidet med fortida også krev sitt av alle i Hiroshima. Sjølv om byen og folket der har gjort dagen til ein vakker og nøye koreografert seremoni, er det fortsatt eit sterkt val å dra fram att minnet på nytt og på nytt. Velje å syne verda dei vonde og usynlege arra - år etter år. Nye generasjonar skole- og universitets-studentar tek også på seg noko av arbeidet ved å lytte til hibakusha og prøve å fange og formidle inntrykka i kunst, teater og animasjon.

Kva har så alt dette strevet ført til?

I løpet av desse 73 åra har verda knapt vori ein fredeleg plass. Vi har hatt kald krig og varme krigar, vi har vori sjokkerende nær ekte atomkrig ved fleire høve - enten grunna politisk spenning som Cuba-krisa, eller grunna mistak, feil, og testing som skar seg på dramatisk vis. Når risikoen var verst, har leiarane vori varsame og gjort det rette - så langt..

Med det i minne, trur eg vi skulder overlevende frå Hiroshima og Nagasaki meir enn vi nokonsinne har skjønt. Dersom dei hadde skjult arra, togna om trauma og konsentrert seg om å leve eigne liv, hadde vi alle hatt langt mindre livaktige inntrykk av følgene av atomkrig. Utan slike inntrykk, ville leiarane våre vori like tilbakehaldne og varsame når det gjaldt? Det trur eg neppe. Derfor trur eg at dei tapre overlevende frå Hiroshima allereie har berga menneska frå utrydding opp til fleire gonger, gjennom modige vitnesbyrd og fredsarbeid.

Når det er sagt, har eg eit ønske. Det har vori mange krigar på desse åra - heldigvis utan nye kjernefysiske helveteslandskap, men likevel krigar som har traumatisert og skada mange menneske. Kva om hibakusha bestemte seg for å skrive eit nytt kapittel ved å invitere andre krigs-overlevande til samling om fredsarbeid? Det hadde vori fantastisk kraftfull å sjå ein hibakusha dele scene og forteljing med ein overlevende frå t.d. Pearl Harbour! Eller med ein overlevende frå Nanking, eller frå Korea- og Vietnam-krigane! Hiroshima, med sin særskilde plass i verdas medvit, kunne bli til ein plass der tidlegare fiender møttest for å dele innsikt i eigne arr og historier. Kall det noko slikt som "Hiroshima global scars initiative".

Kan hende denne typen arbeid allereie skjer. I så fall ber eg om orsaking for å vera uvitande. Og takk, hibakusha og folk frå Hiroshima, for alt de har gjort for menneske og sivilisasjon her på jorda. Eg lover å hugse det de lærte meg den 6. august 2018.

<<: Frossen sang - Zero Visibility 25/10 2017 --

Comments

Add commentAdd comment