Nokre eventyrheltinner

Rett som det er, vert det diskusjon om kjønnsroller i eventyr. Er det ikkje alltid guten som er den aktive, og bergar ei jente som han ender opp med å få i premie? Er ikkje prinsessa alltid eit passivt offer?

Det stemmer jo at det er ein del «prinsesse som vert bortført / pressa til å gifte seg med troll»-soger mellom eventyra våre. Det reflekterer vel at jenter vart utsett for slike overgrep i patriarkalske samfunn, og at eventyr kan vera eit vis å omtale og takle slikt på. Og her har jo «trollet» som symbol på det vonde sin funksjon! Eg kjem ikkje på eventyr i norsk tradisjon som seier at jenta gjer noko feil som fører til at trollet tek henne - altså er det ganske gjennomgåande trekk i våre eventyr at skuld ikkje vert lagt på offeret. Det er mogleg å argumentere for at eventyr kan ha hatt ein «terapeutisk» funksjon knytta til å plassere skuld hjå overgriparen.

Imidlertid finst det absolutt og eventyr-heltinner, og dei kan ordne opp minst like effektivt som gutta. Nokre kvinner er rett nok «berre» viktige hjelparar når dei vert frigjort, som t.d. kan stille trollet dei rette spørsmåla i eventyr som Risen som ikke hadde noe hjerte på seg, Rike Per Kremmer, Kongsdøtrene i berget det blå - men andre er verkeleg Protagonist med stor P i si eiga forteljing. Her er det døme på nokre eventyr om sterke kvinner:

Asbjørnsen og Moe

Lurvehette

Lurvehette er fødd tøff - rir på bukk og er seg sjølv med fynd og klem, reddar den vakre tvillingsøstra frå kalvehovud-forbanninga og sørgar til slutt for at prinsen faktisk SER henne. (Det er i alle fall mi tolking av enden).

Bonustips: biletboka «Lurvehette» illustrert av Ingrid Ousland er kjempefin. Prøv biblioteket, ho er ikkje lenger i handelen.

Mestermø

Her har vi eit eventyr der heltinna startar som «berre» hjelpar, men seinere må ordne opp når guten sviktar henne. Og ordne opp gjer Mestermø så ettertrykkeleg at det går stygt ut over både lensmann og skrivar og fut når dei prøver seg på henne.. Temmeleg anti-autoritær heltinne, når ein tenkjer på statusen til slike embedsfolk i gamle dagar.

Herremannsbruden

Den rike bonden vil absolutt ha datter til husmannen, men ho lurar han og gjev han ein lærepenge.. Dette eventyret er og strålande påminning om at arrangerte ekteskap var ein del av vår tradisjon og. Som inngang til å sjå på tvangsbruk mot kvinner utan at det vert ein stigmatiserande «utanlandsk kultur»-greie er dette et eventyr vi absolutt bør kjenne og bruke.

Manndattera og kjerringdattera

Eg reknar absolutt manndattera som heltinne - og kan hende tilogmed interessant i øko-kritisk perspektiv? Det er jo gjennom omsorg for natur og dyr jenta vin seg hjelparar som kan redde henne og verdiene frå trollkjerringa. Ein kan jo og merke seg at her er ingen prins-og-ekteskap slutt - det er jentas eiga utvikling (med den slemme kjerringdattera som kontrast) det dreier seg om, ikkje ein “lykkelig alle sine dager” - eit eventyr for dei som er leie av prinsar :)

Østenfor sol og vestenfor måne (fin svensk versjon: Pris Hatt under jorden)

Dette er den norske varianten av «Beauty and the Beast». Heltinna vert først utsett for eit arrangert ekteskap, og må vera tolmodig for å finne ut kven ektefellen e i gentl e g er og seinare gå gjennom prøver for å vinne han tilbake. Denne undersjangeren av eventyr vert (dels med rette) kritisert for å byggje opp under «slem menn kan blir forvandla med kjærleik»-myter som kan skade - ved formidling bør ein vurdere det. Men ham-kasting og liknande magi kan bli tolka som mobbing. Eg ville nok på eit eller anna vis lagt vekt på at “udyret”-karakteren / kvitebjørnen - ikkje er vond, men sjølv er eit offer for trolldom – samanlikna med ein som er skada av mobbing/utstøting e.l.?

Kjæresten i skogen

Meir grøssar enn eventyr - men hovudpersonen i «Kjæresten i skogen» avslørar ein massemordar på underfundig vis som får folk til å tru henne, ved å fortelje om røyndomen som ein draum. For skummelt for barneskulen, men eg les ofte dette høgt på Halloween-nabolagsfest. Vi vaksne kan jo tenkje gjennom kva det krev av mot å vitne og kvifor jenta må late som det er ein draum for å få ordet i det heile..

Høna tripper i berget

To eldre systre vert bergtekne og drept, den yngste reddar dei ved å gifte seg med og overliste trollet. Dette er vel i kategorien “eg vil helst ikkje vita kva slags skjebne nokon som trengte å fortelje dette hadde hatt”, men for ein unge er det jo eit spennande eventyr..

Nord-norske eventyr - Regine Normann

Regine Normann er alt for lite kjend. Ein kvinneleg H. C. Andersen fra Nord-Noreg! Veit eigentleg ikkje om bøkene inneheld innsamla folke-eventyr, Regines eigen forfattarskap eller begge delar. Her er vi vel i grenseland mellom folke- og kunsteventyr? H. C. Andersen har jo også ofte brukt eldre motiv og for å gje dei sin eigen utforming - som alle gode forteljarar i folketradisjonen og gjorde.

Prinsessa som gikk til jordas hjerte

Dette er i slekt med «manndattera og kjerringdattera», men utan stemors- og sjalusi-motivet. Kongen vert deprimert over alderdomen og jagar prinsessa heimefrå, dei underjordiske hjelper henne og fortel om den farlege reisa til jordas hjerte der det veks ein blome som kan gjera kongen frisk..

Det røde gullbergslottet i nordvest-havet

Heltinna vår er vesle Karianna som får hjelp av gjengangarar, den størstej kveita i havet og ormekongen under havbotnen til å taka opp kampen med drage og drauger for å redde prinsen. Dette er langt, men dramatisk og spanande.

Den snartenkte kjerringa

Her har vi eit mer realistisk skjemte-eventyr, der kjerringa som er hovudpersonen må bruke både intelligens og mot for å hamle opp med eit par røvarar.

(“Risen i Blåberget” er forøvrig Regine-varianten av “Høna tripper i berget”).

H. C. Andersen

Tommelise

Tommelise er ikkje nett ei action-heltinne, men her kjem «arrangert ekteskap» opp som motiv på nytt - og her er det både snakk om bortføring og sosialt press basert på rang og status.

Snødronningen

Vesle Gerda er absolutt ein karakter som går ut i verda for å løyse problem og redde barndomsvenen Kaj - og får mang ei utfordring på reisa.

(H.C.A. er kan hende ikkje kjend for sosialrealisme - men “Hun duede ikke” er ei mini-novelle om ei vaskekone - nevner den ettersom hovudpersonen er kvinne).

Andre kjelder

Oskar Braathen , Sagene-forfattaren, samla og eventyr - han står bak antologien “Sønnafor syd og nordafor nord”. Der har vi:

Kjerringa på Huk

Underfundig forteljing der kjerringa nesten vert huslaus når lensmannen og den grådige bonden prøver å kaste henne ut. Heldigvis ryktes det at kongen skal reise forbi..

Milada Blekastad har omsett mange tsjekkiske og slovakiske eventyr til (heilt nydeleg ny-)norsk. Eit spesielt fint tsjekkisk eventyr i slekt med “Prinsessa som gikk til jordas hjerte” er

Salt framom alt

Den yngste prinsessa seier at ho elskar far sin "som salt i maten" - kongen tolkar det negativt og jagar henne frå slottet. Men så vert det saltmangel i riket hans..

Jo, den som leiter i eventyra finn jentene. Så er det opp til oss å sørge for ein balansert diett av heltar og heltinner.

<<: Hiroshima, 6. august 2018 --

Comments

Add commentAdd comment