Frossen sang - Zero Visibility 25/10 2017
Stykkjet Frozen songs er inspirert av frø-banken på Svalbard, koreografert av Ina Christel Johannesen for Zero Visibility corp.
Rulla gjennom det sement-prega miljøet omkring Dansens hus på sykkel, og kom ut etter 1 time og tre kvarter med nye inntrykk, blanda kjensler og ringblomst-frø i lomma. Det vart i alle fall enno meir påfallanda at det er så lite vegetasjon og botanisk liv der nede i Vulkan-gropa..
Det første som slo meg ved forestillinga, var at eg i grunnen er litt lei av "samtidsdans-blikket", når utøvarane prøver så godt dei kan å late som om dei ikkje kommuniserar i løpet av ein duett. Det var masse fint arbeid med flyt og reaksjon, men som regel med det krampaktige blikket.. Det er kan hende ein vane-sak som tyder på at eg har sett for lite samtidsdans i det siste, men i kveld virka det så kunstig og unaturleg.
Ellers fann eg også att ein annan eldre kjepphest, som gjeld manns- og kvinnearbeid på scenen. Kan ikkje kvinnene løfte litt på mennene snart? Det var ein lang kvartett-sekvens for Pia Elton Hammer og tre menn, der dei tre stadig la til rette for henne. Flott flyt og presisjon, for all del, men..
Frø er gode symbol på håp, og frø-banken er kjend for internasjonalt samarbeid. Ut i frå det utgangspunktet var nok forestillinga uventa mørk - øko-pessimistisk? Men så er det jo og temmeleg pessimistisk å lagre frø på Svalbard.. Det er fleire motsetningsfylte sider gruppa valde bort å sjå på - er det logisk å stenge frøa inne i eit område dei har null sjanse til å spire i? Er det ikkje litt egoistisk å spare på frø av artar mennesket har mest bruk for? Og kvifor Svalbard - er det det geopolitisk omsynet til at Kongeriket Noreg må ha nok interessant aktivitet der til å styre legitimt som avgjorde?
Comments