Tankar om Harris-Chomsky epostuveksling

Like godt først som sist: eg har vel aldri lesi ei bok av Noam Chomsky, heller ikkje ei av Sam Harris, men det var fascinerande å lesa gjennom epost-tråden dei imellom.. To skarpe menn, høgt respekterte amerikanske intellektuelle, likevel kan dei ikkje føre ein meiningsfyld dialog..

Som halvparten av nettet forøvrig vil eg gjerne kommentere og tolke litt.

Frå eit etisk synspunkt, intensjonen er (nær) heile soga
- Sam Harris
Når det gjeld intensjon kan ein slett ikkje uttale seg, generelt sett, gode intensjonar vert praktisk talk alltid presentert.
- Noam Chomsky

Desse sitata er definitivt ved kjernen av det dei er usamde om. Det ser ut som ein ny omkamp i den gamle striden mellom sinnelagsetikk og konsekvensetikk – med Chomsky som konsekvensetikar og Harris som sinnelagsetikar. Til dømes vil den førre argumentere med at grunna Bill Clinton si godkjenning av bombinga av farmasøytisk industri i Al-Shifa i 1998, er Clinton-styret skuldig i tusenvis av dødsfall i Somalia grunna medisin-mangel. Den hine vil etter det eg kan sjå argumentere med at avgjerda var rett avdi intensjonen var å hindre utviklinga av kjemiske våpen. (Og Somalia har definitivt grupper du ikkje vil sjå kjempe med kjemiske våpen).

Chomsky meiner at den korte tida mellom bombinga av den amerikanske ambassaden i Somalia og åtaket på Al-Shifa provar at åtaka berre var ei hemn-akt. På meg verkar det som eit ganske naivt syn på korleis avgjerder vert gjort i politikken. Eg vil gjette på at det låg ein god del opportunisme bak – sannsynlegvis har styresmaktene ei liste over «trugsmål» i ulike land, etterretning hadde plassert Al-Shifa på denne lista, og etter at ambassaden vart bomba og og kongressen og folket retta merksemd og sinne mot Somalia, såg administrasjonen ein sjanse og fekk nok stønad i kongressen til å slå til og øydeleggje eit mål som alt var definert.

Eg er samd med Harris i at intensjonar har ei viss vekt, og at det er eit teikn på framsteg at amerikanske politikarar og veljarar generelt skammar seg over vald og brotsverk frå fortida.

Men måten Harris legg fram dette argumentet på får ein til å tru at han meiner vi har nått ein «empati-topp»-tidsalder, at avdi vi (og med «vi» meiner eg «Vestlege» demokrati og veljarar) er betre enn før, er vi no perfekte:

Som kultur har vi klart vaksi frå vår toleranse for tortur og drap på uskuldige.
- Sam Harris

Eg trur dette er den underliggjande slutninga som Chomsky forgjeves prøver å setje spørjeteikn ved. At han mislykkast er ikkje så overraskande – hans eigne kjensler kjem i vegen, og han ender opp med å lite på kraft heller enn presisjon i argumenta.

Men kan hende Harris sitt syn her berre kan avdekke halvparten av samtids-soga. Den andre halvparten er slik: nettopp avdi vi ikkje ønsker vold mot uskuldige, foretrekk vi i dag å sjå bort når det hender i vårt namn eller vert gjort av våre allierte. Vi vil ikkje vita.

Så Harris og alle som ser saka som han kan tenkje over dette spørsmålet: dersom vi har nått eit slikt høgste-mål av etikk og moral, kvifor vart det ikkje gjort ei grundig analyse av sannsynlege humanitære konsekvensar av Al-Shifa-bombinga? Kvifor er det ikkje rutine å gjennomføre slike når ein vurderar å bruke militærmakt? Kva med eit fast krav om å utarbeide tiltak for å avgrense dei humanitære konsekvensane når ein vil bruke makt?

Og er ikkje stadig terping på at intensjonane våre er så gode rett og slett eit utslag av at vi ikkje vil sjå og vita om diverse sørgelege konsekvensar?

Til sist: ved ettertanke er det særs fin ironi i at måten Chomsky tenkjer på, hjelper USA til å forbli ei stormakt. Eg er temmeleg viss på at ein amerikansk president i utanrikspolitikken må sjå forbi offentlege utsegn om intensjon og vilje, og prøve å avdekke verkelege mål og konsekvensar. Om presidentane i fortida hadde tenkt som Sam Harris og fokusert på intensjon og store utsegn, ville nok USA i dag ha vori eit mindre mektig land.

<<: Leselæring som rytmisk aktivitet -- Ved Mjøsa, juli 2015 >>

Comments

Add commentAdd comment