Leselæring som rytmisk aktivitet

Har i det siste prøvd å hjelpe ungar på ulike stadier med lesetrening. Det har slått meg at ein viktig del av prosessen er å dele opp ord i stavinger for å lette lesing.

Problemet med å dele eit ord i stavinger heng saman med fonetikken i språket – men og med måten det romerske alfabetet vårt er laga. I det japanske fonetiske alfabetet er kvar bokstav ei staving – altså vokal eller konsonant pluss vokal. Hiragana/katakana – alfabeta startar A, I, U, E, O, KA, KI, KU, KE, KO osv. Her er altså oppdelinga i stavinger innebygd i rettskrivinga, som ein eigenskap ved sjølve alfabetet. Ganske mange barn i Japan kan stave seg gjennom hiragana-tekster før 1. klasse. Kanskje tidleg leseinnlæring heng saman med at frasering ikkje er eit problem i japansk lesetrening slik som det er i norsk?

Problemet har jo ein del med språk-kjensle å gjera, men kan det også vera relatert til musikalitet, forståing av frasering og rytme? Kan erfaring med rytme og musikk lette leselæring?

(Har nyleg sett «The King's Speech» på nytt – ser for meg scenen der Lionel utbryt «Sing it!» for å hjelpe kong George VI å uttrykke seg.)

I gamle dagar (og den dag i dag i islands skole og i Suttung-miljøet) var utanatlæring og framføring av vers godt etablert i pedagogikken. Det slår meg at dette er ei arbeidsform der ein arbeider direkte med språkrytme og frasering. Kan hende det hjelpte på leseinnlæringa? Det ville vera interessant å finne ut om det er forska på kva utanatlæring og opplesing og/eller musikalsk praksis har å seie for leseinnlæring.

Teikning: Gerald Hoffnung

<<: DV8: John (preview) -- Tankar om Harris-Chomsky epostuveksling >>