DV8: John (preview)

Sett på Dansens hus, Oslo, juni 2014, gjorde også klasse/workshop med kompaniet

På veg ut av denne forestillinga, tok eg meg i å lure på kvifor eg ikkje hadde forandra meg. Kan hende eg berre ikkje kjende forandinga enno - var for utolmodig, venta meg å bli utfordra og få hjernen re-kalibrert på augeblenken?

Sjølve dette spørsmålet seier litt om mine forventningar til Lloyd Newson og DV8. Somme ting dei har laga, har verkeleg endra tankegangen min. Medan eg såg "John", tenkte eg stadig at det var godt handtverk - fantastisk kulisse, sterke utøvarar, ei dramatisk soge - og likevel kjende eg at eg såg det heile frå utsida, i grunn knapt rørt, utan å finne dilemma eller spørsmål som utfordra meg til å tenkje gjennom dei.

Metoden DV8 har brukt dei siste åra vert kalla "verbatim" - gjennom forskning og intervju byggjer dei opp ei forestilling laga over ekte soger, med ekte sitat. Tekstane er ofte illustrert med rørsle - noko midt imellom fysisk teater og dans. Denne tilnærminga tyder at dei må tenkje gennom sitt "ansvar for å framstille menneske" ("responsibility to portray" kalte dei det under workshop, fabelaktig god frase) og tenkje gjennom korleis kjeldene vil framstå eller bli brukt. Dette krev stor tillit frå kjeldene, og det er imponerande at dei har brukt denne metoden i så mange år alt.

For "John" intervjua dei over 50 menn for å utvikle eit stykkje om "maskulinitet" og "menns plass i samfunnet". Ein av dei er hovudpersonen "John", ein mann med mykje bagasje - krim, rusmiddel, domar. Vi hører soga hans, i hans eigne ord, og det er ei dramatisk og sterk soge. Likevel kjenner eg at problema hans berre er hans, og ikkje har noko å gjera med "maskulinitet" og meg sjølv som mann. Eg berre tittar på ein 75 minutt lang (re)presentasjon av eit liv som var særskild hardt.

Forestillinga i Osla vart stempla som "preview" - ser ut som Lloyd sjølv ikkje såg på den versjonen eg såg som den endelege. Sjølvsagt kan minne og inntrykk framleis koma til å endre meg. Men dette kan vera some årsakar til at eg kjende meg utanfor:

"John" er likevel eit solid og handverksmessig interessant verk, med mange fascinerande små-scener. Dersom eg er litt skuffa, er det nok mest på grunn av overdimensjonert forventning.

<<: Motstridande pedagogiske rÃ¥d -- Leselæring som rytmisk aktivitet >>

Comments

Add commentAdd comment