Motstridande pedagogiske råd

Det er ikkje vrient å finne råd om å oppdra barn. Den mest kjende guruen for tida er kanskje Jesper Juul, men det er mange andre - og råda kjem ofte med høg peikefingerføring, Moral med stor M, og får forvirra foreldre til å kjenne seg utilstrekkelege. Ikkje minst fordi råd og teoriar kan vera sjølvmotseiande: Det er viktig med Klare Grenser og Konsekvens, og det er viktig å Lytte Til Barnet. (Så når gullskatten din går over den Klare Grensa, skal du Lytte eller kjøre på med Konsekvensane?)

Men foreldre (og Guruane dei lytter til) må hugse at barneoppseding ikkje er ein slags anvend matematikk. I matematikken all teori henge saman. Ingen prinsipp eller aksiom kan gå på tvers av andre og laga kaos. Men når vi skal oppdra barn må vi finne oss i motstridande råd - fordi vi prøver å nå mange ulike mål samstundes. Vi vil oppdra sjølvstendige og uavhengige, men sosiale og samarbeidande menneske. Vi vil at dei skal bli sterke men snille, empatiske og intuitive men tenkjande og reflekterte. I tillegg er som kjend barn ulike og treng ulik tilnærming - ikkje rart at vi rett som det er står i fare for å ikkje sjå barnet for berre teori.

Og da får vi ikkje praktisert det eine prinsippet som eg meiner bør trumfe alle andre: å sjå barnet, vurdere reaksjon og respons. Dersom du kan justere praksis etter kva reaksjon du får, er det i grunnen nesten det same kva teori du startar frå og kva eigenskap du vil prøve å arbeide med.

<<: Om Høiness-saken -- DV8: John (preview) >>

Comments

Add commentAdd comment