Om Høiness-saken

Det fell nettopp dom i den underlege arve-saka mellom Mona Høiness og slekta til Synnøve Alver Urdahl. Saka har hatt brei presse-merksemd, særleg i bladet Kapital.

Eg kjenner korkje advokat Høiness eller familien Urdahl, og arvestrid med ni-sifra tal er rimeleg fjernt for meg. Det er lell noko underleg kjend over skuldingane som bladet Kapital, Urdahl-slekta og aktorat-vitna har lagt fram i denne saka. For eg har mange års erfaring som pårørande, med demens i nær familie.

Tidsskriftet Kapital har skapt pressehistorie med hardtslåande og fagleg sterk grave-journalistikk. Her er det spisskompetanse både på jus og økonomi - men etter å ha sett artiklane om Synnøve Urdahls testamente, slår det meg at redaksjonen neppe har folk med kompetanse på helse, eller personleg erfaring frå varig demens-omsorg. Diagnosen «dement» vert nemleg oppfatta som ein statisk tilstand, ei permanent forvirring som utelukkar sjølvstendig meiningsytring, samtale og interaksjon.

I røynda er demens ei årelang reise gjennom stadig vekslande tilstandar. Ofte er reisa så lang at ein i mange år etter diagnosen kan ha solide samtaler med pasienten, og kjenne at ein tek del i meininger og kjensler denne har. Dette prøver samfunnet å taka omsyn til med juridiske omgrep som «samtykkekompetanse» og «testatorisk stabil». Den demente kan vera ute av stand til å kjenne att nokon ho ikkje har sett på nokre år, og på same tid kunne gjera klart greie for synet sitt og ønskene sine - konsekvent frå samtale til samtale.

Saka reiser prinsipielle dilemma. Dei handlar mellom anna om i kva grad demente har rett til å meine, ønske, ytre seg og bli hørt. Men dette perspektivet er fullstendig fråverande i Kapital sine artiklar om saka. Vil redaksjonen der hevde at ein demens-diagnose automatisk skal diskvalifisere pasienten frå å få brukt slike grunnleggjande menneskerettar? Kapital fokuserar derimot berre på advokat Høiness sin rolle, eventuelle rolleblanding og klagemåla mot henne..

Det vert sagt at Høiness har «isolert» Urdahl frå slekta. Ho skal mellom anna ha synt fetteren bort med utsegna at fru Urdahl «ikke var fin nok på håret» til å taka imot han. Utan at eg kjenner noko kontekst, får eg umiddelbart inntrykk av at ei slik logisk-men-malplassert grunngjeving kjem frå sjølve demenspasienten. Eg har og opplevd ein pasient argumentere mot å møte kjende ho ikkje hadde sett på ei tid - kan hende av di ho nødig ville inrømme graden av demens for seg sjølv og dei, og inst inne var redd for å dumme seg ut?

Ofte pendlar demens-pasienten mellom tider med forvirring og klarare periodar. Sorenskriver Stein Husby vitna i retten om at Urdahl var «totalt senil» etter eit tilfeldig møte på ein fest. Dette syner jo at han ikke kjenner til at inntrykket ein får av demenspasienten kan variere etter dagsforma. Det er tydeleg at han heller ikkje har eiga erfaring med omsorg for demente: han meiner å dokumentere sin fagkunnskap ved å syne til at han har «sett mange senile opp gjennom årene» - slik talar en kvasi-ekspert som ikke ser at han i sjølve utsegna avslørte mangelen på djup kompetanse.

Ironisk nok klagar han og over at Høiness - som slektningane skuldar for å ha «isolert» fru Urdahl - har teki med enkefrua på fest og «tauer henne rundt». Sorenskrivaren uttalar allvitande at ho neppe hadde glede av det. Dette er nok dessverre ei typisk oppleving for omsorgspersonar: same korleis ein legg opp omsorga for demente, vil nokon meine at det er kritikkverdig.

Til sist går det og fram av artiklane i Kapital at pasienten omtrent tre år etter at testamentet var ferdig, kunne gå ut på gata nattestid for å be framande menn om å gå opp i 2. etasje og hente Mona Høiness til henne. Denne detaljen syner klarare enn noko anna at det var eit særs nært forhold mellom henne og Høiness. Medan fru Urdahl langsomt og smertefullt mista seg sjølv i demenståka, må Mona ha vori det siste trygge haldepunktet. Eg har sanneleg ikkje problem med å unne det mennesket som var fru Urdahls siste ankerfeste på seglinga mot gløymsla, arven ho har fått. Har Kapital-redaksjonen problem med det?

Utan tendensiøs språkbruk i Kapital, hadde kan hende partane gått frå rettssalen med noko meir respekt for kvarandre. Men saka var godt salsstoff, og tap av respekt andre menneske imellom er neppe mellom minuspostane i redaktør Hegnar sine rekneskap!

<<: Farvel Facebook -- Motstridande pedagogiske r?>>

Comments

Add commentAdd comment