Skumle eventyr

Er høgtlesing av eventyr for skummelt for barn?

Det hender skumle ting i eventyr. Tinnsoldaten vert skremt av ei rotte og slukt av ein fisk. Kan det vera skadeleg for barn å lytte til det?

Det er mange, mange barnebøker som berre er søte og snille. Somme av dei - t.d. mange bøker av Elsa Beskow - er og vakre bøker som eg er glad i. Ein kan lett velge å lesa berre dei enkle, snille bøkene for ungene sine. Ein kan sikkert og finne fagfolk som tilrår å gjera nettopp det, og som ser på tradisjonelle eventyr med ein viss skepsis. Men eg trur at dei "gjennom-søte" bøkene ikkje har same funksjon - ikkje gjer same jobb for barnet - som t.d. Tinnsoldaten, og at ein derfor bør lesa begge deler. Her er mitt resonnement:

Derfor meiner eg det det ikkje er skadeleg men tvertimot sunt å lytte til eit eventyr med skumle sider: du vert kjend med kjensler som du kjenne og meistre for å leve.

Når vi les eventyr for barn, set vi først opp verdas tryggaste ramme - på fang eller i senga, ved sida av mor eller far. Tid som er dedikert til samvær med barnet - tid vi har glede av og barnet har glede av. Det er toppen av kos, og super-trygt.

Så set vi fantasien i gang og går saman inn i historia.

Fantasi er viktig. Fantasi er den evnen som tillet menneska å bruke vanskelege kjensler på ein positiv måte. Når vi les eventyr, er vi i fantasi-land før dei vanskelege kjenslene kjem. Eit barn som er vant til å høre på eventyr kan reagere med å foreslå nye utvegar frå det vanskelege. For meg er det teikn på at eventyrlesinga har "virka" - den som kan bruke fantasien til å hjelpe helten i eventyret ut av klypa, kan kanskje ein dag ved same evne hjelpe seg sjølv eller andre ut av vonde kjensler?

(Når det er sagt: sjølv om eg lytter til, svarar på og gleder meg over innspel i eventyrlesinga kan det bli for mye av det - eg og dei andre som lytter må og få halde fokus på historia. Da er svaret "ja, det var ein god ide men må vi koma vidare i eventyret".)

Det er viktig at det er passe skummelt. Eg les ikkje "Kjæresten i skogen" eller dei verste Grimm-eventyra på sengekanten. Om ungene blar i boka og ønsker seg det, er svaret "det eventyret er for skummelt å lesa om kvelden, det les vi ein annan dag". Men altså: det gode eventyret let ein "prøvesmake" det skumle, i ein trygg situasjon og ein fantasi-vekkande samanheng, og det passe skumle er nyttig og nødvendig for barnet.

Når det gjeld nettopp "Tinnsoldaten" er meininga med eventyret for meg nettopp at han er så trufast mot sin eigen karakter, same kva som skjer av skumle ting omkring han. Når eg les eventyret høgt er det mitt fokus. Sjølv når han dør i kakkelomnen, blir han eit hjerte - ein trist men endeleg siger over det vonde. Ungene skjønner ikkje allegorien - og det er ikkje nødvendig, for hjernen vår og fantasien vår er slik laga at symboler vi ikkje kan tolke der og da kan bli lagra til seinare bruk. Men dei får ei intuitiv oppleving av verdien ved å vera tru mot seg sjølv og sine eigenskapar.

Enn volden, da? Soldaten drep heksa for å få fyrtøyet. Somme eventyr er reint groteske: Askeladden som stjal sølvendene til trollet skjær også huet av dattera hans og legg henne i suppegryta! Er ikkje det skadeleg?

Dette eventyret likte eg godt som barn, og merkeleg nok var mi eiga oppleving av det ganske ulik den opplevinga eg har som vaksen. Volden vart aldri "grafisk" eller skummel i min fantasi. Derfor les eg det trygt for mine barn i same stil som bestefar las det for meg når han laga "peiskos" for barnebarna sine - det vil seie i nøktern og roleg lese-stil, utan å dvele ved eller dramatisere det mest groteske, men utan å sensurere det bort heller. Slik kamp mot trollskap kan jo vera ein allegori om om å vinne over sorger eller vonde kjensler inni seg, og når eventyret seier at så sterk lut må til, er det nok mange som har opplevd det slik.

For dei gamle eventyra - som har gått frå munn til munn og sinn til sinn i hundrevis av år før det vart bøker av dei - er naturleg nok summen av det mange har opplevd. Det må jo vera slik at eventyr som mange har hatt glede og nytte av, har hatt best sjanse til å overleve vandringa gjennom tidene. Som kjend er det sagt at "Menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager" (Undset), og dermed kan ein håpe og tru at slike eventyr og er til glede og nytte for våre moderne barn - og barnebarn, når den tid kjem.

<<: Naoshima -- Farvel Facebook >>

Comments

Add commentAdd comment