Naoshima

Eit reisebrev frå Japan - til familien der

Først, reisa. Takk for at vi brukte toget enno det tok lenger tid og var meir slitsamt enn bilen. Men å skifte frå bil til tog i Fukuyama endra måten vi reiste saman på. Atmosfæra vart meir avslappa, med småprat og småmat. Medan vi venta på neste tog fann vi interessante stader å leike. Brått kunne vi setje pris på reisa, ikkje berre på reisemålet. Meir arbeid, men fleire minne.

Naoshima er ei øy kjend for museum og diverse kunst-prosjekt.

Benesse kunstmuseum var heller skummelt å vitje - for den som hadde med så mange som fire kjappe, impulsive ungar mellom 1 og 5 år. Det skjønte eg rett nok ikkje før eg fekk mareritt om arkitektur og barn som ramlar frå betong-trapper med minimale rekkverk natta etter. Museet var prega av mjuk og kurva betongbrutalitet, og definitivt ikkje barnesikkert. Korleis det er meininga at foreldre skal få sett på kunst her kan eg vanskeleg fatte..

Snodig nok kan eg likevel minnest ting frå utstillinga.

"The World flag ant farm"

Eit stort rutenett av boksar på veggen har all verdas flagg forma av farga sand inni. Mellom boksane går det smale rør. Flagga er gjennombora av hol og gangar, laga av maur som vart slept lause i installasjonen, grov seg gjennom flagga og flytta sand og farge flagg-imellom. Maurene er borte - aktiviteten vart stoppa, men vi ser 3 skjermer med video av mauren i arbeid innimellom flagga.

Effekten er litt urovekkande. Eg står og lurar på om eg skal lese dette negtivt eller positivt, er det eit utsegn om globalisering, om migrasjon, eller om vår sterke ambivalens i møte med effekten av desse utviklingsdraga?

Det er ikkje eit teoretisk spørsmål, det er personleg. Eg er ein slik maur, som flytter ein liten bit av Japan til Noreg og kan hende sender litt farge andre vegen også...

Etter å ha prøvd ulike måter å "lesa" flagg-boksane på må eg konkludere med at dette kunstverket er for negativt for meg. Dei destruktive konnotasjonane omkring maur for sterke, og biletbruken med skadde flagg for u-vakker. Personleg vil eg heller tru at nye og meiningsfylte mønstre veks fram frå migrasjon, gjerne innanfor dei ofte godarta rammeverka av nasjonal identitet. Kultur utviklar seg ikkje tilfeldig - det ser gjerne slik ut på grunn av kompleksiteten, men utviklinga er til sjuande og sist avhengig av kva vi som individ set pris på.

"The secret of the clouds"

Dette er ein skulptur ute i det fri: to store, flotte, runde steiner, blankpussa og djupe i midten omtrent som store sacco-sekk-puter. Men det eg faktisk minnest dei for, er synet av omvisaren på museet det han stod i mørk dress og tørka av steinane med handkle etter omvisinga. Bak på den mørke dressen hans var det ein tydeleg våt flekk. Under omvisinga brukte han å demonstrere intensjonen med kunstverket: nemleg at ein kunne liggje på ryggen på steinen og sjå på himmelen. Han var vel kan hende ikkje klar over at skyene hadde delt nokre av løyndomane sine med oss i løpet av formiddagen... Nå sto han der og førebudde neste omvising med å tørke regnet av skulpturen. Bak ryggen hans hadde eg gleden av å forvandle den resignerte tørkinga til ei framføring, til performance. Ei framføring om korleis vi likevel foretrekk ein viss avstand mellom kunst og liv. Til og med - eller spesielt - på museet.

"Art house: sea of time"

"Kunsthus"-prosjektet har restaurert gamle hus og gjort dei om til kunstprosjekt. Huset med "tidssjøen" ser ut som eit typisk, brunt, japansk hus, men den som går inn finn eit mørkt rom fullt av vatn. Under vatnet er det små boksar med digitale nummer som stadig teller opp frå 1 til 9. Det skimrande vatnet får LED-tala til å leve, med så fascinerande effekt at dei fleste som kjem inn tek av seg skoa for å gå inn på den smale kanten langs vatnet og setje seg for å sjå på.

Tid og vatn. Vi har så mange uttrykk og språklege bilete som samanliknar dei. Tida strømmer forbi, vaskar bort ting, tida som elv og så bortetter. Alle bileta er om det dynamiske. "Tidssjøen" ber oss derimot om å sjå det stille, det statiske og stumme ved tid. Tala i vatnet får meg og til å tenkje på kor avgrensa og fragmentert forståinga av tid er - så fragmentert som dei tilfeldig plasserte tala i "tidssjøen"..

<<: Til minne om Rashpal -- Skumle eventyr >>