Atom-klage til EU?!

VG august 2006: Atomklage til EU-kommisjonen

Det ligg eit avisutklypp frå VG ein tilfeldig sommardag her. Leiaren for Bergen Energi truger med å dra den norske staten for EU-kommisjonen avdi Energidepartementet har sagt nei til å gje konsesjon til A-kraftverk. Ein jus-ekspert seier sogar at det er "morosamt tenkt"!

Du Bill Schelderup, kva vi skal bruke som energikjelde her i landet er i aller høgste grad eit politisk spørsmål som skal bli avgjort gjennom debatt i aviser, samfunn, og på Stortinget. Tenkj at du kan leie Bergen Energi utan å ha skjønt det!

Ja, det går litt sakte framover slik men det er meininga det skal gå sakte slik at vi får ein grundig debatt der mange får uttale seg. Det er noko vi gjerne kaller demokrati.

Å dra ned til EU-kommisjonen med vikarierande argument er kanskje ein snarveg, men spesielt demokratisk er det ikkje. Men du gjev oss i alle fall eit prima døme på kva som er feil med EU: at på grunn av fokuset på frihandel kan interessegrupper re-fokusere ei sak, frå noko som bør gjennom-debatterast i samfunnet til t.d. "teknisk handelshindring" som vert advokatmat i EU- eller ESA-domstolen. "Morsomt tenkt" - det morer ikkje meg å tenkje på at byråkratar i Belgia skriv om norske lover.

<<: Potetsalat med lauk --