Kva er Suttung?
Korleis er arbeidet i barnegrupper?
Kva utbytte har ungane av Suttung?

  Kva Suttung er

Suttung er namnet på Ingeborg Refling Hagen sin pedagogiske arbeidsform. Det særskilde med Suttung-arbeidet ligg både i innhaldet og i den pedagogiske teknikken.

Ordet "Suttung" kjem frå norrøne myter: "Suttungs mjød" var namnet på ein drikk som gjorde folk til diktarar eller vismenn.

Suttungarbeid er kulturtradering, opplæring i kulturarven vår, våre norske og europeiske tradisjonar, og verdskulturen. Utvalet vert gjort etter prinsippet om at berre det beste er godt nok.

Suttungpedagogikken har som sentralt prinsipp at ungar har rett til å møte den store litteraturen, den store kunsten. Møtet skjer gjennom høgtlesing, sang og utanattlæring.

  Suttungkveld

Ein kveld i veka drøss det ungar inn gjennom døra til suttungleiaren. Store og små, dei aller minste har kanskje mor eller far med. Nokre er seine...

Mønsteret for arbeid i barnesuttunggrupper kjem an på suttungleiaren.

Den tradisjonelle forma er å starte med song. Wergeland sine barnedikt (HTML-versjon her), eller Ingeborg Refling Hagen sine mytesongar, gjerne med Beate Kraggerud sine rørsler til.

Etter 30-50 minutt song, skal alle øve på "sine" dikt, dikta dei held på å lære. Det er ikkje alltid praktisk å gjera dette i ei stor gruppe, så ein kan arrangere det så dei eldre høyrer dei yngre i mindre grupper. Dersom det er ei gruppe med mange små, er det gjerne eventyrlesing, i "eldre" grupper kan ein setje opp skodespel. I grupper med stor aldersskilnad kan det vera vanskeleg å gjera alle til lags.

Så enkelt er det daglege arbeidet. Mange blir overraska over resultata når ungar står og les opp lange dikt, men det er ingen trylleformular som ligg bak, berre konsentrasjon, tålmod og leik med alvor i.

  Kva ungane får ut av det

Suttungarbeidet er ikkje "resultatstyrt". Det er ingen prøver, ingen karakter, ingen "benchmarks".

Eit konkret mål er gjerne ei jule- eller sommaravslutning, der alle framfører noko. Fokus er der på kommunikasjon, på å kunne uttrykkje eit bodskap overfor eit lyttande publikum. Eit klart mål for suttungleiaren er at ungane skal kjenne at det er viktig, det dei gjer. Dei skal helst kjenne at dei har ei oppgåve.

Sjølv om det aldri har vori meininga med suttungarbeidet å gje ungane gode karakterer på skulen, kan det vera eit biprodukt av arbeidet at ungane utviklar ein konsentrasjons- og refleksjonsevne som kan hjelpe dei seinare. Dei har erfaring med å tala til grupper og stå framfor eit publikum. Dei får også, nesten utan å vera klar over det sjølve, med seg store kunnskapar om norsk litteratur og norrøne myter.

Men det som er det eigentlege målet for suttungarbeidet, er å lata ungen utvikle seg som menneskje. Tanken er at møtet med stor kunst både kan kaste lys inn i sinnet, og stimulere til eige uttrykk.

Lenker

Ingeborgmuseet

Suttung.no