Siste

  • 2007
  • 2008
  • 2009
  • 2010
  • 2011
  • 2012
  • 2013
  • 2014
  • 2015
  • 2017
  • 2018
  • 2019
  • Nokre eventyrheltinner

    Rett som det er, vert det diskusjon om kjønnsroller i eventyr. Er det ikkje alltid guten som er den aktive, og bergar ei jente som han ender opp med å få i premie? Er ikkje prinsessa alltid eit passivt offer?

    Det stemmer jo at det er ein del «prinsesse som vert bortført / pressa til å gifte seg med troll»-soger mellom eventyra våre. Det reflekterer vel at jenter vart utsett for slike overgrep i patriarkalske samfunn, og at eventyr kan vera eit vis å omtale og takle slikt på. Og her har jo «trollet» som symbol på det vonde sin funksjon! Eg kjem ikkje på eventyr i norsk tradisjon som seier at jenta gjer noko feil som fører til a... More

    Hiroshima, 6. august 2018

    73 år etter bomben var eg tilstades på minnedagen i Hiroshima den 6. august 2018. Tusenvis av japanske og framande samlar seg i fredsparken midt i byen "for å trøyste sjelene til ofra og be for fred". Hundrevis av friviljuge møter og hjelper oss, speidarar og barn deler ut blomar og program, trane-origami-papir og instruksjonsark, kvinner og menn held reip og skilt for å leie folkemengda i rett retning. Ein varm solskinsdag i Sør-Japan krev og at nokon delar ut koppar med gratis kaldt vatn, og (særs velkoment!) små, samanrulla, våte og iska... More

    Frossen sang - Zero Visibility 25/10 2017

    Stykkjet Frozen songs er inspirert av frø-banken på Svalbard, koreografert av Ina Christel Johannesen for Zero Visibility corp.

    Rulla gjennom det sement-prega miljøet omkring Dansens hus på sykkel, og kom ut etter 1 time og tre kvarter med nye inntrykk, blanda kjensler og ringblomst-frø i lomma. Det vart i alle fall enno meir påfallanda at det er så lite vegetasjon og botanisk liv der nede i Vulkan-gropa..

    Det første som slo meg ved forestillinga, var at eg... More

    Ved Mjøsa, juli 2015

    Mjuke droper slår ringer i Mjøsa, ingen fiskevak å sjå.
    For tredve år sidan spratt fisken jamt. Den nye normalen,
    vår tilvande fatigdom

    Da Alf sang om Mjøsa blinka St. Hansorma som lys på Grand Café,
    mørket i dag vitnar om
    julifrodig bedrag

    Økologisk utarming er godt kamuflert armod.
    Kulturen tek naturen for gitt, med
    korttenkt minne

    Tankar om Harris-Chomsky epostuveksling

    Like godt først som sist: eg har vel aldri lesi ei bok av Noam Chomsky, heller ikkje ei av Sam Harris, men det var fascinerande å lesa gjennom epost-tråden dei imellom.. To skarpe menn, høgt respekterte amerikanske intellektuelle, likevel kan dei ikkje føre ein meiningsfyld dialog..

    Som halvparten av nettet forøvrig vil eg gjerne kommentere og tolke litt.

    Frå eit etisk synspunkt, intensjonen er (nær) heile soga
    - Sam Harris
    Når det gjeld intensjon kan ein slett ikkje uttale seg, g... More

    Comments

    Add commentAdd comment