Syn på reklame og barn i Noreg og Japan

Det er mange åpenbare skilnader mellom to så ulike land som Noreg og Japan. Men det hender at det tek lang tid å oppdage dei interessante skilnadene..

I Japan opptrer det ein figur ved namn Ampanman, ein slags kake-mann med boble-fjes og teikneserieaktig framtoning. Han er overalt: på barne-tannbørstar og -tannkrem, på ballar og leiketøy, på trehjuls-syklar, i bøker og på det elektroniske alfabetopplærings-brettet som kan uttale den bokstaven du trykka på.

Det slo meg som rart at foreldre ikkje var negative til reklame-bruken av denne figuren. Faktisk lærer dei ungene namnet hans, kjøper leikene og gjer han til ein naturleg del av barnekulturen.

Dette er unaturleg for meg, som kjem frå eit land med Europas strengaste regelverk for reklame retta mot barn:

Reklame for barneprodukt er ulovleg på fjernsyn og i radio.

Anna reklame retta mot barn er lovleg men regulert av Forbrukerombudet ut i frå prinsipp som at

det skal være lett å skille reklame fra annet stoff og at en ikke skal utnytte barn og unges påvirkelighet, godtroenhet, tillit og manglende erfaring i kommersiell hensikt.

Å bruke ein teikneseriefigur til å selja tannkrem ville klart vera med å viske ut skilnaden mellom reklame og anna innhald, så eg rekner med at det ville vera ulovleg i Noreg. Forbrukarombodet publiserar detaljerte forskrifter (pdf) som også inneheld ei liste over tilfelle der store og små firma har fått bøter eller vart pålagd å stoppe ein kampanje etter at ombodsmannen fann at dei braut retningslinene.

Ideelt sett er lover basert på det samfunnet vurderar som viktig - og vil gjerne forsterke dei haldningane som lova byggjer på. Derfor engstar eg meg meir over kommersiell påverknad på barn enn japanske foreldre, og for meg er dette ein veldig subtil og interessant skilnad på norsk og japansk levesett - det påverkar verkeleg livsmønster og -oppleving i dei to landa.

<<: Hotell-tanke -- Translucid irritasjon >>