Interessant artikkel om barneoppseding

Learning to lie (utskriftsversjon med mindre reklame) gav meg ein del aha-opplevingar og stadfesta somme tankar og meiningar eg har hatt om barneoppseding. Sjå desse interessante utdraga (alle frå artikkelen og omsett av meg):

Ein gjennomsnittleg tenåring i Pennsylvania ville vera 244% meir tilbøyeleg til å ljuge om kva dei har gjort enn til å protestere mot ein regel. Men i familier der det var mindre løgn var det langt meir diskusjon og klager. Krangling gjorde det enklare å vera ærleg. Somme typer krangel - trass i konfliktnivået - er til sjuande og sist teikn på respekt, ikkje mangel på respekt.

Men dei fleste foreldre skiller ikkje mellom respektfull og respektlaus krangling. (...) 46% av mødre meinte at krangling med ungane øydela relasjonen mellom dei. Å bli utfordra i diskusjon var stressande, kaotisk og opplevd som respektlaust. (...) Men berre 23% av ungdommen følte det slik. Dei meinte heller at krangling styrka forholdet. "Måten dei oppfatter krangel på var verkeleg avansert, langt meir nyansert enn vi hadde forventa av tenåringar," kommenterar Holmes. "Dei ser krangel som ein måte å lære foreldrene å kjenne på, å få motparten sine synspunkt artikulert."

Og:

"Mange foreldre i dag trur at den beste måten å få barn til å ljuge mindre og vera meir opne mot foreldra er å tillate meire og ha mindre reglar" seier Darling. Foreldre innbiller seg at det er ein konflikt mellom å vera informert om barnet sitt liv, og vera streng. Betre å få vita sanninga og kunne hjelpe enn å vera uvitande.

Men Darling fann ut at foreldre som set få reglar faktisk ikkje lærer meir om kva barna eigentleg gjer. (...) At for mange reglar skal føre til ungdomsopprør var ei slags statistisk myte.

..pluss:

"Den typen foreldre som er mest gjennomført i handheving av reglar er dei som er varmast og har flest samtaler med barna," har Darling merka seg. Dei har sett reglar på visse område, forklart grunnen, og forventar at barnet følger opp. På andre område støttar dei oppunder retten til å taka eigne val. Barn av slike foreldre lyg minst. Heller enn å skjule informasjon om tolv områder av livet sitt kunne dei skjule så få som fem.

Mine to konklusjoner av artikkelen:

  1. Barn treng - i eit nøtteskal - omsorgsfull autoritet. (Trur eg sjølv med fordel kan jobbe litt meir med det siste.. det fell ikkje heilt naturleg for meg å vera streng..). Ein skal ikkje vera redd for å vera streng så lenge du følger prinsipp det er viktig for deg å lære barnet (t.d. "ikkje plag dyr" eller "ikkje skrik når mor har vondt i hovudet") OG kan å syne omsorg.
  2. Du skal aldri lyge for barn. Ikkje ein gong for å prøve å få det til å oppføre seg.

(Merk at løgn og fantasi er to ulike ting. Å seie "om du ikkje et opp maten din kjem ikkje tante på besøk" er sannsynlegvis løgn. Eventyrforteljing er fantasi.)

<<: Translucid irritasjon -- Helland og "Blomsterstykket" >>