Om sidene mine

Meg

Velkommen til sidene mine!

Alle nettsider er under evig konstruksjon...

Men sjøl om ting ikkje er "ferdig", og neppe vert det heller, ligg det alt eindel tanker og drømmer her. Det meste er eg glødande oppslukt av. Det er dikt eg er gla' i, det er stoff om dans. Noko skulle liksom vera moro ;-), i alt ligg det alvoret at eg trur drømmer og skaparkraft held oss oppe i vår vanskelege samtid.

At eg er glad i å fortelje, preger nok forma desse sidene har fått. Alt eg er oppteken av kjem, hulter til bulter og blanda med små minner og erfaringer. Kanskje det er einslags måte å skrive sjølbiografi på? For det har eg tenkt på sidan eg var 10-11 år. Til dømes ein kald, solklar dag, eg hoppa rundt og rundt vår gamle Saab, med ransel slengande på ryggen og ein einaste tanke i huet: Dette skal eg skrive om, dette skal eg skrive om, dette skal eg skrive om!

Og der fekk eg altså endeleg skrivi om det... Nå er det fortalt.

Det er nok litt sært å starte på memoarane i 10-årsalderen. Så er eg også oppvaksen i ei litt sær kultur-rørsle: suttung. Eg har ei lita side  som presenterar rørsla for den uinnvigde.

Det kan hende at du blir kjent med meg gjennom å lesa desse sidene. Det er ikkje det vikgtigaste. Eg vil fyrst og fremst syne nokre av mine draumer og gleder..

Ha ein fin rundtur på sidene mine!

Hallvord Reiar Michaelsen Steen
<= Attende til fyrstesida]