RoadPeace site upgrade

Etter mange pauser - knapt til å unngå når tre travle personar samarbeider om eit prosjekt - kan vi stolt annonsere at RoadPeace Internet Memorial nettstaden er ute i ny og betre versjon. Nytt er at familie, kollegaer og vener av trafikkofferet kan leggje til meldinger. Det er også andre småting som er endra og retta. Og trass i seriøs testing ser det ut til at vi har ein regresjon: dato og engelsk grammatikk er vanskelege greier. Nettsida sa før "11st", eg retta det men fiksen introduserte eller oversåg fleire andre problem - nå står det "12nd" og "13rd". Vel, vel..

For meg er det er rart å bla seg gjennom minnesmerka, kjenner meg både stolt og trist på same tid. Stolt over å ha vori med på å gjera det mogleg for menneske som har mista sine næraste å skape slike vakre minnesmerke og trist over alle dei døde og all sorga nettstaden ber vitne om.

For den som er interessert i trafikk og planlegging er World Transport Policy and Practice magasinet eit funn. Les og lær.

Comments

Add commentAdd comment