Om kvalitetssikring av programvare

"Så kva driv du med?" spør nokon eg ikkje har sett på ei stund, eller kanskje møter for fyrste gong. "Eg trener dans og jobbar med data" seier eg.

"Med data" er sånn passe vagt og abstrakt. Få vil følge opp med spørsmål om detaljane, "data" er både skummelt og uinteressant for omtrent alle som ikkje tilfeldigvis jobber med det sjølve. Vel - her kjem det ein slags metafor for å forklare alt du ikkje ville vita om kvalitetssikring av programvare..

Tenkj deg at du skal lesa korrektur på ei bok. Det er absolutt nødvendig at boka er fri for både stavefeil, faktafeil og logiske sjølvmotseiinger.

Tenkj deg at boka er på mange millionar liner.

Tenkj deg at boka har hundrevis av forfattarar.

Tenkj deg at alle som samarbeidar om denne boka konstant endrar teksta. Dette er eit stykkje litteratur med store ambisjonar -vi siktar minst mot Nobel-prisen, alt må vera perfekt. Om du nokongong har prøvd å skrive noko veit du at perfeksjonisme tyder revisjon og konstant omskriving. Flytt det avsnittet ned dit. Slett det der, men fyll ut litt her. Det som står i tredje line er for sjølvsagt men fjerde er uklar...

Derfor har alle våre hundre forfattarar det konstant travelt med å endre det kapittelet dei jobber på nett no - dei rettar feil og legg til nye heile tida. Og kva skjer om to skriv om same kapittel, eller om to som jobber med ulike kapitlar prøver å sende handlinga i to ulike retninger?

Eg lånte ein gong ei bok frå biblioteket der bokbindaren hadde gjort ein feil og sett saman halve norske med halve russiske omsetjinga. Eg las av naturlege grunnar aller boka ut. Men med kjempeboka vår er det slik laga at sjølv langt mindre feil -slik som å ha brukt eit komma der du meinte eit kolon - kan gjera kapittel, bind eller heile verket ubrukbart. Ja, kvar stavefeil eller logiske brist kan få boka til å lukke seg brått medan du les.

For lesaren vår er ikkje eit intelligent menneske som kan rydde opp i trykkfeil og gjette seg fram til meining. Lesaren vår er ei granskande, detalj-nøye datamaskin.

Kvalitetssikring av programvare tyder å finne måter ein kan lesa best mogleg korrektur på ei bok i stadig endring.

Korrekturmanuset "Opera 9 Beta 2" kjem rett frå pressa, tilgjengeleg på www.opera.com og sikkert fult av stavefeil. Sei frå om du finn nokon.

Comments

Add commentAdd comment