"Gummi Tarzan"

Ole Lund Kierkegaard finst i alle skuleboksamlinger, gjerne representert ved eit par eksemplar av "Gummi Tarzan". Det må jo tyde at boka vert oppfatta som eit pedagogisk korrekt verk som ungar kan kjenne seg att i og ha moro av. Ein pedagog må ha tenkt at denne boka på ein humoristisk måte tek opp og set ord på problem mange slit med.

Av ein eller annan grunn opplevde eg ikkje boka slik då eg las henne som 11 eller 12-åring. Eg var midt i målgruppa, og det var inga god gruppe å tilhøyre for ein som andre syntes skilde seg ut.

Derfor var det eg slukte boka om "Gummi Tarzan". Eg kjende meg att i det som sto om å ikkje vera stor og sterk, og ikkje spela fotball. Trass i dei stygge teikningene kunne eg identifisere meg med han, og las glødande ivrig, med heile min bakgrunn, for å finne ut korleis han ville klare seg.

Heime hadde eg lært at kunst er menneskekjennskap, der søkte vi gjerne svara på menneskelege problem i litteratur. Og der eg jaga gjennom boka, (og eg las fort), var nok den umedvitne, inste drivkrafta ønsket om å finne Svaret, den endelege løysinga som kunne gjera ein akseptert. Boka måtte måtte jo ha ein utveg, ein teknikk "Gummi Tarzan" skulle klare seg med!

I boka møter "Gummi Tarzan" ei heks, som vil oppfylle eit ønske for han. Han ønsker seg at alt han ønsker seg vert oppfylt, og heksa lover at det skal skje, men berre for ein dag.

Og så kom sviket.

Min gode kamerat og innbilte sjelefrende "Gummi Tarzan", ville berre hemne seg på dei som plaga han.

Og etter ein dag med hemn, mista han ønskekrafta og – alt var som før. ALT VAR SOM FØR.

Eg kjende ein kvalme som eg ikkje heilt kunne forklare den gongen. Eg var skuffa og fortvilt. Alt var som før - så det var ingen veg ut! I staden for Svaret, fann eg ein Dom: ingenting kan skje. Du kan ikkje bli akseptert. Og dessutan, sa boka psykologisk, dessutan er du ikkje eit hår betre enn dei som mobbar, for eigentleg ønskjer du berre å hemne deg.

Når eg brukar ordet svik, er det ikkje retorikk. Det kjendest som om eg låg i sjøen, og ein livreddar hadde dytta meg ned i vatnet i staden for å dra meg opp. Men eg kunne i alle fall love meg at eg ikkje skulle gje mine eigne ungar ei bok som framstilte mobbarar som ei naturkraft ein berre måtte innordne seg.

Sensur er ikkje eit vakkert ord. Likevel: på mi fyrsteoppleving av boka, tufter eg ønsket om at ho ein dag vert fjerna frå norske skulebibliotek.