Forhold over kulturgrenser

Når ein krysser kulturelle grenser for å finne kjærast, er det alltid nokon som kjem med velmeint åtvaring og råd: "Når det er store kulturskilnader, er det ein som må gje etter. Det kjem til å bli eit problem!"

Erfaringa mi frå eit norsk-japansk forhold er heller at dei problema du møter vert til ein viktig ressurs:

Evne til å lytte, tålmod og sjøl-kjennskap er nødvendig for å bygge gode forhold. Mange tek desse evnene for gitt og gløymer å arbeide på dei, men den som skal byggje forhold på kryss av kulturskilnader vert konstant påmint om kor viktige dei er - dermed kan tverr-kulturelle forhold få ekstra solide fundament.