Kaos på Lysaker

Omtrent det einaste som kan få meg til å ønske meg bil, er stader som er verkeleg rotete tilrettelagt for kollektivtrafikk. Lysaker busstasjon er eit kroneksempel. Det kunne vori veldig bra - i utgangspunktet er det jo strålande med eit skikkeleg knutepunkt for tog og buss-trafikk - men det å bruke busstasjonen er alltid frustrerande på grunn av total mangel på informasjon om kvar du finn ulike bussruter.

Prøv å bytte til Oslo-bussen 23. Eller enno verre: prøv å finne busstoppet til 32 vestover. Det er håplaust. Kan vi ikkje få ein skikkeleg usability-test for heile stasjonen?