Londonbrev

Brev: 3
Emne: Excuse me, do you have RYE FLOUR???
Dato:05 Oktober 1998 22:55

Sei kva du vil om engelskmenn, berre ikkje at dei kan bake brød!!!
Standardbrødet her over er kvit, svampete og uetandes guffe. Er det lagt opp til at folk skal bake sjøl, da?? Nei. Engelskmennene vil for all del ikkje freiste folk til å bake noko med anna enn kveitemjøl..

At vår vesle lokale "Costcutter" (dyr, trass i namnet!) ikkje hadde rugmjøl, var ei overrasking eg raskt kom over, ettersom eg oppdaga kor lite dei hadde av andre råvarer, og kor masse ferdigmat. At ein av dei "fire store", "Safeways", ikkje hadde det, var verre. Var det ingen som brukte rugmjøl i dette landet?

"Prøv Sainsbury's," sa alle. Javel, det var ein i Dulwich. Mi utflukt dit foregjekk slik:

1. Fann mjølhylla, i ein hall av den typen som minner om Dovregubbens i det at ein må tenkje at mennesket er kun et fnugg. Masse poser, med plain flour, plain self-lifting flour (mjøl med gjær i), wholemeal flour, wholemeal self-lifting flour, strong wholemeal flour, strong, wholemeal self-lifting flour - kort sagt.... Men ikkje rug.

2. Nærma meg tilsette nr. 1. "Excuse me, do you have rye flour???"

3. Tilsette nr. 1. konfererer med tilsette nr. 2, og sender meg vidare til tilsette nr. 3

4. "Excuse me, do you have rye flour???"

5. Tilsette nr. 3 svarar: "Is that a wine?"

6. Forklarer at det er flour, til å bake med. Tilsette nr. 3 går til hylla eg nettopp såg gjennom, og peiker triumferande på alt kveitemjølet.

7. Den håplause kunden vert sendt ut av butikken, til kundeservicesenteret.

8. "Excuse me, do you have RYE FLOUR???"

Før punkt ni, må eg minne om at engelsk har den eigenskapen at ein i størst mogleg grad unngår å skrive ord slik ein skal uttale dei. Trass i den villeiande stavinga, hadde eg gjennom heile Herodes til Pilatus-runden uttalt flour korrekt - med ein slags flaoueh-uttale. Og no spør kundeservicesenteret v/ tilsette nr. 4:

9. "RYE FLOWERS?????"

10. "No, RYE FLOUR, for baking"

11. og nr. 4 ser ut som gåta er blitt grå: "Dry flour?"

12. Staver R-Y-E. Kundeservice ringer tilsette nr. 5, som bruker ei god stund på å dukke opp og forklare at

13. "I'm sorry, but we do not sell rye flour."

Men i dag har Underteikna oppdaga ein helsekost like ved skulen, der dei har rugmjøl til 69p pr kilo. HURRA!

--

Hallvord Reiar
LYKKA ER 
Å HA EIN GOD
FYSIOTERAPEUT

(o)
 )/
/

Førre

Neste