
Eit reisebrev frå Japan - til familien der
Først, reisa. Takk for at vi brukte toget enno det tok lenger tid og var meir slitsamt enn bilen. Men å skifte frå bil til tog i Fukuyama endra måten vi reiste saman på. Atmosfæra vart meir avslappa, med småprat og småmat. Medan vi venta på neste tog fann vi interessante stader å leike. Brått kunne vi setje pris på reisa, ikkje berre på reisemålet. Meir arbeid, men fleire minne.
Naoshima er ei øy kjend for museum og diverse kunst-prosjekt.
Benesse kunstmuseum var heller skummelt å vitje - for den som hadde med så mange som fire kjappe, impulsive ungar mellom 1 og 5 år. Det skjønte eg rett nok ikkje før eg fekk mareritt om arkitektur og barn som ramlar frå betong-trapper med minimale rekkverk natta etter. Museet var prega av mjuk og kurva betongbrutalitet, og definitivt ikkje barnesikkert. Korleis det er meininga at foreldre skal få sett på kunst her kan eg vanskeleg fatte..
Snodig nok kan eg likevel minnest ting frå utstillinga.
Eit stort rutenett av boksar på veggen har all verdas flagg forma av farga sand inni. Mellom boksane går det smale rør. Flagga er gjennombora av hol og gangar, laga av maur som vart slept lause i installasjonen, grov seg gjennom flagga og flytta sand og farge flagg-imellom. Maurene er borte - aktiviteten vart stoppa, men vi ser 3 skjermer med video av mauren i arbeid innimellom flagga.
Effekten er litt urovekkande. Eg står og lurar på om eg skal lese dette negtivt eller positivt, er det eit utsegn om globalisering, om migrasjon, eller om vår sterke ambivalens i møte med effekten av desse utviklingsdraga?
Det er ikkje eit teoretisk spørsmål, det er personleg. Eg er ein slik maur, som flytter ein liten bit av Japan til Noreg og kan hende sender litt farge andre vegen også...
Etter å ha prøvd ulike måter å "lesa" flagg-boksane på må eg konkludere med at dette kunstverket er for negativt for meg. Dei destruktive konnotasjonane omkring maur for sterke, og biletbruken med skadde flagg for u-vakker. Personleg vil eg heller tru at nye og meiningsfylte mønstre veks fram frå migrasjon, gjerne innanfor dei ofte godarta rammeverka av nasjonal identitet. Kultur utviklar seg ikkje tilfeldig - det ser gjerne slik ut på grunn av kompleksiteten, men utviklinga er til sjuande og sist avhengig av kva vi som individ set pris på.
Dette er ein skulptur ute i det fri: to store, flotte, runde steiner, blankpussa og djupe i midten omtrent som store sacco-sekk-puter. Men det eg faktisk minnest dei for, er synet av omvisaren på museet det han stod i mørk dress og tørka av steinane med handkle etter omvisinga. Bak på den mørke dressen hans var det ein tydeleg våt flekk. Under omvisinga brukte han å demonstrere intensjonen med kunstverket: nemleg at ein kunne liggje på ryggen på steinen og sjå på himmelen. Han var vel kan hende ikkje klar over at skyene hadde delt nokre av løyndomane sine med oss i løpet av formiddagen... Nå sto han der og førebudde neste omvising med å tørke regnet av skulpturen. Bak ryggen hans hadde eg gleden av å forvandle den resignerte tørkinga til ei framføring, til performance. Ei framføring om korleis vi likevel foretrekk ein viss avstand mellom kunst og liv. Til og med - eller spesielt - på museet.
"Kunsthus"-prosjektet har restaurert gamle hus og gjort dei om til kunstprosjekt. Huset med "tidssjøen" ser ut som eit typisk, brunt, japansk hus, men den som går inn finn eit mørkt rom fullt av vatn. Under vatnet er det små boksar med digitale nummer som stadig teller opp frå 1 til 9. Det skimrande vatnet får LED-tala til å leve, med så fascinerande effekt at dei fleste som kjem inn tek av seg skoa for å gå inn på den smale kanten langs vatnet og setje seg for å sjå på.
Tid og vatn. Vi har så mange uttrykk og språklege bilete som samanliknar dei. Tida strømmer forbi, vaskar bort ting, tida som elv og så bortetter. Alle bileta er om det dynamiske. "Tidssjøen" ber oss derimot om å sjå det stille, det statiske og stumme ved tid. Tala i vatnet får meg og til å tenkje på kor avgrensa og fragmentert forståinga av tid er - så fragmentert som dei tilfeldig plasserte tala i "tidssjøen"..
(Wed, 31 Mar 2010 22:35:38 +0200). ->>

Eg minnest han som varmt omtenksam med eit særs generøst smil.
Prøvestunder med EDge tidleg i 2002/2003 dukkar opp, der eg såg delar av Wayne McGregor sin koreografi "Phase Space" liksom overføre seg sjølv frå figuren på videoskjermen til Rashpal sin spede kropp, så ulik mannen i videoen. Rashpal hadde ein stor solo og rørslene kom ut av han med ein slags uanstrengt ærlegdom, så vakkert og fyldig. Eg har neppe sagt deg at arbeidet ditt gjorde slikt inntrykk på meg, Rashpal - tenkte du visste at det var godt jobba - men ein dag forlot du EDge. Eg såg aller at du kjempa den gongen - ber med dette om orsaking for ikkje å ha sett det. Fekk aller greie på kvifor du forlot gruppa, men eg skulle ønske eg hadde klart å finne slike ord den gongen. No fekk inntrykka endeleg ord - og no er du borte.
Nære vener vart vi aller, men du var ein person eg instinktivt ikkje hadde nølt med å stole på. Det seier noko viktig om deg.
Du har altså brått gått frå oss att. Men sjølv om du kviler i fred, Rashpal, vil minna om deg ikkje kvile.
Dei vil danse, bevege og inspirere oss.
Fotografi frå The Place si minneside for Rashpal.
(Sun, 16 Aug 2009 23:59:24 +0200). ->>
Det er ikkje alltid lett å laga mat på andre sitt kjøkken, utan å ha kjøpt ingrediensane sjølv og utan å ha oversikt over utstyret - men Martin og Tali hadde gode råvarer og greit med reidskap så da vi skulle laga middagen til bæsmor sin 83-årsdag var det ingen grunn til panikk.
Kyllingfilet vart vend i smelta smør tilsett litt balsamico-eddik og godt med estragon. Så la vi tynne flak skinke over og bakte/grilla dei i omnen.
Til sitron-glaserte grønsaker skar vi opp raud lauk i fine skiver, gulrot og eple i strimler og steikte det i sukker og sitronjus. Fargerikt! Her er det viktig å følge med og røre! Spar på sukkeret, ellers kan det bli kjempesøtt.
Til sist laga vi vårgrøn fløtesaus: fløte, mjølk og skiver av purre vart kokt opp og etter ei stund la vi oppi små bukettar av brokkoli.
Joda, det fungerte.
(Mon, 11 May 2009 00:07:50 +0200). ->>
Om du likte funderinga rundt syn på reklame retta mot barn i Noreg og Japan vil du sikkert ha interesse av sidene kids and advertising som har artiklar og informasjon om emnet.
(Sun, 01 Mar 2009 01:10:00 +0100). ->>

Menyen i dag: torsk i basilikum- og brenneslesaus, urtebakte potetar, karamellisert lauk og gulerot med lime og riven gulerot med druer. Dessert: heimelaga sorbet av jordbær, banan, melon og mango.
Potetene vart delt i 8 og spreidd i ei langpanne med litt olje nedst. Strødde timian, oregano og dill oppå men omtrent alle urter vil smake godt på bakt potet. Pass på å vende potetene litt under steiking - kan hende med påfyll av smør eller olje og krydder.
Hovudretten var basert på ei oppskrift frå matbladet Nord. Basisen var litt fiskebuljong, kokt inn med masse basilikum, litt brennesle (ikkje i originaloppskrifta) og pressa kvitlauk. Tilset fløte og bruk matkvern eller stavmiksar for å jamne sausen. Ha i frosne erter og torskefilet, lat det trekkje.
Til karamelliserte grønsaker: smelt litt brunsukker i kjele, press over litt lime-jus og ha oppi fint strimla lauk (vi brukte både gul og raud) og gulrot. Rør ofte.
Til sist raspa vi gulerøter og heiv oppi ein del druer under raspinga. Nydeleg søndagsmat - basilikum og brennesle til fisk var storveges.
(Mon, 09 Feb 2009 00:00:18 +0100). ->>
Vi har nettopp starta ein familieblogg - ikkje open for alle, berre synleg for familie og vener. Men kvifor ikkje berre bruke ei nettverksnettside (social networking)?
Sjølvsagt er det mange, mange stader der du kan dele foto og soger med vener og kjende - Facebook, live.com, Friendster, Flickr, Picasaweb, Orkut, Yahoo 360, my.opera.com - mange fleire lokale nettstader som Tuenti.com i Spania, Mixi.jp i Japan og vkontakte.ru i Russland. Nær sagt alle let deg kontrollere kven som kan sjå informasjonen du legg ut.
Det hende nok under arbeidet med nettstaden at eg spurte meg sjølv kvifor eg ikkje ganske enkelt brukte Facebook. (Eg vart ganske sjarmert av Facebook da eg vart medlem og fann att så mange menneske frå fortida der..) Men for meg har det å gjera med både personvern og å eige sin eigen informasjon. Facebook vil gjerne tene pengar på informasjonen du legg inn - og dei gjer det med målretta reklame. Når GMail gjer liknande ting med E-posten min tek eg det ikkje så nøye - men Facebook dreier seg om å smugle eit kommersielt bodskap inn i sjølve min relasjon til andre, og det kjennest ganske opprørande at det vert gjort. Så min personlege regel for Facebook-bruk er at eg vil vera registrert for å vera tilgjengeleg for den som måtte prøve å finne meg - men eg vil unngå å leggje inn meir informasjon som foto og tekster.
Når det kjem til privatliv og personvern er folk særs ulike. Somme legg ut foto av ungane sine så alle kan sjå dei (og skriv om sine djupaste kjensler på ein offentleg blogg), og dei risikerar neppe noko med det. Det er ikkje slik at pedofile søker opp foto av barn for å koma dit dei bor og kidnappe dei - det er ei historie media jug ihop for å få bekymra foreldre til å kjøpe. Men eg er likevel bekymra over mindre og meir lokale trugsmål - til dømes, om nokon vil mobbe mine barn på skulen skal eg ikkje forsyne dei med eit skattkammer av informasjon om familien, t.d. foto dei kan skrive ut og misbruke!
Eg kontrollerar informasjon på vegne av ungane mine. Dei kan ikkje verne seg sjølv og internett har ingen angre-knapp når informasjonen er lagt ut. Så eg prøver å vera enno meir forsiktig med ungane sin private informasjon enn med min eigen.
..så derfor, stort sett, var det vi ville bruke ein nettstad vi eig og kontrollerar, og bruke tid på å få det opp å kjøre og få alt slik vi vil ha det - heller enn å bruke nokre av dei særs gode og enkle nettstadene der ute.
(Sun, 08 Feb 2009 23:33:34 +0100). ->>
"Tenk deg, Peer - en grunn-rik jente! Odelsjente, tenk deg til!"
Det slo meg brått at forholdet mellom Peer Gynt og Ingrid langt på veg er eit arrangert ekteskap. Lytt til det materialistiske fokuset mor Åse legg opp til - det er kan hende ikkje så rart at Peer så fort vart lei av henne?
(Sat, 31 Jan 2009 05:00:16 +0100). ->>

Alf-Eivind er glad i høgtlesing og eventyr - i alle fall dei som ikkje er "for skummelt". Litt over tre år har han ingen problem med lange, kompliserte historier som Den grønne votten, Tommelise, Grantreet - og til og med eventyret over alle eventyr: Snedronningen! Det siste var sjølv far imponert over at han tok så godt imot.
Ein dag han var litt under tre og eit halvt år (lydfila er datert 6. mars 2008) hørte eg han fortelje sjølv - ei lang historie om ei teikning med mange streker og krusedullar på. Det dreide seg om Vesle-Hans (Wergeland-diktet han har sett på dokketeater) og etter kvart mange andre eventyr- og fantasi-skikkelser. Heldigvis klarte eg å få eit opptak av noko som likna - kan hende ikkje med same flyt og progresjon som før opptaksutstyret kom fram, men like fullt eit fantastisk glimt av rik, eventyr-nært barne-fantasi. Under er det transkripsjon, du kan og lytte til sjølve opptaket (merk at det tek litt tid å laste ned).
Transkripsjon av AEK sitt eventyr om Vesle-Hans - han referer stadig til teikninga si:
Der står det Vesle-Hans, og der står det kona til Vesle-Hans. Det er brevet mitt.
- hva gjorde VH da?
- Han finna en liten bjørn-unge, og liten bjørne-løve-unge.
- bjørne-løve-unge?
- Ja!
- Oi. Ble han redd da?
- Nei. Den var.. da .. da si bjørnungen.. da sier bjørnungen.. da sier bjørnungen INGENTING!
- Han sa ingenting?
- Nei. da sier bjørnungen ingenting. Og da hørte ikke han noe. Men da var han litt til.. da måtte han gå til skogen og finne kvist, og den stygge andungen.
- Fant han den stygge andungen også i skogen?
- Ja. Og da fant han kvister til bestemor. Som fløy ned. Men da kom han til reven. Og da kom han til lille bjørnungen og da kom han til lille bjørneløven.
- Traff han mange flere dyr da?
- Ja. Men han møtte en kantsasse.
- Kantsasse?
- Den heter kantsasse.
- Er kantsasse et dyr?
- Nei. Nå skal jeg skrive den der høyre, høyre. Sånn. Da møtte han en kantsasse som var til å leke med. Han leker med mange leker. Da gått han igjen. Da ropte han til den stygge andungen, vet du. Så da var den stygge andungen glad da han ropte på han der stygge andungen. Men da måtte stygge andungen gå til bestemors hus. Der står det bestemor sitt hus og der står det bestemor og der står det Vesle-Hans og der står det den lille bjørnungen og der står det løven som falt ned i trappene som var stor. Og da var Tommelise redd når den lille bjørnungen - som sa den var fin. Så det var den lille bjørnungen som falt ned i lille trappene som var til å skli ned. Og da var også Tommelise med. Så Tommelise sklir og sklir nedover trappene. Og da var .. men det var en gammal snille julenisse som også sklir.
Og da var hele skogen full av trær, på snøen på kvisten. Da møtte han en lite kone. Det var en gammel en, det var kona til Vesle Hans det. Det var som bor .. hun bor der på Vesle Hans sitt hus. Og hun bor sitt hus. Der står det bestemor sin hus til Vesle Hans. Og der står det til .. til .. brev til Matja Dise. Til Olafur Gunnar. Til Matja Dise. Det var sant. Da får jeg brette den.
Vi les nok langt meir for ungane enn dei fleste foreldre - og kan hende meir "avansert" litteratur - men det høyrest ut som vi gjer noko rett ;).
(Sat, 19 Jul 2008 01:33:48 +0200). ->>