Kven vil fornye hallingdansen?

Lausdans, kanskje betre kjend som "halling", er ein improvisert dans bygd på innstuderte element, som ein set saman slik det fell ein inn der og da. Mange av elementa er såkalla "karsstykkje", det vil seie vanskelege å få til. Det fremste "karsstykkjet" og det mange forbinder med danseforma er å sparke ned ein hatt frå ei stong for å syne kor høge "hallingkast" du kan prestere. I tillegg til dei vanskelege karsstykkja er største utfordringa å binde heile dansen saman og la det eine flyte naturleg inn i det andre. Det er og eit stort pluss å samarbeide tett med slått og spelemann.

Landskappleiken i Vågå i 2002 la lausdansen heilt sist mellom tevlingane, som seg hør og bør for ein slik publikumsfavoritt som denne dansen er. Den store Vågåhallen var så full at folk berre slapp inn når nokon kom ut, stemninga var hallingkast-høg og publikum var lett å rive med i taktfast klapping. Likevel sat eg og spurde meg sjølv om dette som hende på scena verkeleg var å taka lausdans-forma så langt som ho kan koma.

Det at denne danseforma treng fornying er kanskje ikkje den mest nærliggande tanken etter ei slik styrkeframsyning som ei tevling mellom eit knippe av dei beste norske hallingdansarar er. Det kan vera på grunn av konkurranse-elementet: spenninga er knytt til kven som kan utføre ei oppgåve som alt er definert, heller enn kven som kan fornye noko. Men det hadde vori artig å sjå nokon setje seg ned og arbeide konsentrert og analytisk, tenkje koreografi om du vil, for å sjå kva nye utfordringer forma kan gje sjølv for den mest rutinerte dansar.

Å tala om dans og danseanalyse er ikkje lett, og sjølv den mest velviljuge lesar kan sikkert misforstå det er etterspør på mange vis. Eg vil derfor avklare at eg slett ikkje er ute etter nokon "koreografert" dans der heile samanhengen er sett til musikken og innøvd med kvart steg. Eg vil heller ikkje ha ein dans der ein stappar inn så mange akrobatiske element som råd er, så ein ikkje får trekt pusten mellom karsstykkja. Det eg saknar er vel stort sett at ein dansar set seg ned og tenkjer gjennom det som koreografar med eit fagord kallar ein "overgang" (eng: transition), det er sjølve sekundet den eine ideen slepp og ein ny tek over. I dette ligg å studere sine eigne vaner (eller "personlege tradisjon") og sjå kva grep ein ofte tek, sjå på korleis ein brukar å starte, avrunde, eller skifte mellom karsstykkje.

Til dømes: ein vanleg overgang som vart bruka av opptil fleire under Vågå-tevlinga er å gå frå nakkesprett til kruking. Ein veg å gå for å utvikle forma kunne vera å studere kva andre karsstykkje ein kan lenke saman på liknande vis. Det kan tilogmed vera interessant å prøve dataprogram for koreografi som kan visualisere overgang mellom to posisjonar (dette er verkty som profesjonelle koreografar i dag tek i bruk). Det er mange gode hallingdansarar i Noreg - er det nokon som vil fornye forma?

Comments

Add commentAdd comment