Norskdomsfloka

"Er vi bunadsdokker eller er vi musikere?" skriv Anne Hytta i artikkelen sin i Årbok for norsk folkemusikk, 2000-utgåva. Det er fleire enn Anne Hytta som opplever at det nasjonale stemplet for somme kjem i vegen for opplevinga av sjølve musikken, og mange i folkemusikkmiljøet uttrykk at det er viktig å bli kvitt statusen som nasjonale symbol.

Kan det ikkje hende det går nokre ungar ut med vatnet her? Eg minnest ei hending frå studiedagar i Oslo: Suverent og frekt hadde Groruddalen FrP stilt seg opp utanfor T-banestasjonen på innvandrar-rike Furuset før eit val. Frasen "fremmedkulturell" var eit blankt, nytt våpen og ein eldre partimann serverte meg "trugsmåla" mot norsk kultur med overtyding. Kva gjorde han så sjølv? Han oppfatta ikkje heilt spørsmålet. Jo, ettersom han var merksam på faren, kva hadde han personleg gjort for å vidareføre norsk kulturarv??

Det er moro å få ein FrPar til å måpe, lett å punktere tom retorikk utan tankar og kunnskap. Men eg kunne ikkje gjort det utan å ha ein ide om kva eg la i "norsk kultur" - noko han også ville kjenne, om berre som symbol. Poenget er at di mindre vi har å fylle frasen "norsk kultur" med, di verre er det å avsløre Hagen og andre sitt oppblåste, men tome kulturomgrep.

Det er klart det er sviande ergeleg når folk ikkje ser musikken, berre symbolet, som Turid Birkeland sitt sleivspark om at John Travolta var viktigare i livet hennar enn hardingfela. Det er tragisk at media kan så lite at dei ikkje alltid ser skilnaden på FrP sitt tome kulturprat og vidareføring av ekte tradisjon. Det kan også vera vanskeleg, som Anne Hytta opplevde på speleoppdrag med bunadstvang, å måtte "leve opp til" klisjeane. Men kan hende den eigentlege meininga med både "norsk", "nasjonal" og "folke-" går på at dette er musikk som utøvarar og publikum "eig" på ein annan måte enn både klassisk og kommersiell musikk?

Lat oss for all del marknadsføre folkemusikken som eit interessant musikkuttrykk uavhengig av nasjonal symbolikk, lat oss nemne inspirasjonskjelder og tradisjonar frå utlandet - men ikkje oversjå at musikken tilhøyrer eit fellesskap, eit "vi". Sjølsagt er ikkje "vi" synonymt med nordmenn - det er jo slik at den som til skilnad frå FrP har eit innhald i kulturomgrepet sitt, gjerne deler denne kulturen med alle som vil taka imot, og folkemusikken tilhøyrer alle som vil lytte og lære. Men eg trur det er verd å få fram skilnaden mellom plateselskap- og folkefellesskap-eigd musikk, og samanlikninga kjem neppe folkemusikken til å tapa på. "Norsk" tyder i denne samanheng "vår".

Comments

Add commentAdd comment