Om nyskaping i folkemusikken

Hardingfele

Under Vinterkappleiken på Rauland kunne ein høyre fleire døme på folkemusikalsk nyskaping, mellom anna to nummer som vart framført av ei gruppe frå Valle vidaregåande si folkemusikkline før premieutdelinga.

Det vesle Valle-ensemblet var utstyrt med vokal, tromme, gitar og munnharpe. Dei to siste instrumenta dominerte fyrste nummer, og klang utruleg fint saman. Kven skulle trudd at gitaren kunne kle den sære munnharpe-tonen så godt? Djerv og etter mitt syn vellykka nyskaping.

Men så kom den andre låta, bygd på visa "Eg var liten". Teksta her dreier seg om eit fint barndomsminne, og er full av lun peiskos-stemning. Melodien sluttar seg fint til teksta, så nokonkvar kan tenkje seg attende til peis og eventyr...

Men her vart heile denne rike stemninga øydelagt av ein "tung" og rask rytme som var pressa på melodien. I staden for den vanlege springartakta hadde dei lagt inn eit to-delt "ompa-komp" på tromme!

Kontrasten til teksta var så klar at ein uvilkårleg lurte på om dei var analfabetar.

Dette er ei ikkje uvanleg felle å gå i for nyskaparar: Ein vil gjerne bruke gamle tekster, men gløymer kor umåteleg viktig det er med samanheng mellom tekst- og tonemateriale. Melodi, tekst og ev. komp må samarbeide, ikkje kjempe på tørre nevar!

Comments

Add commentAdd comment