Vaadikt

Ei fantastisk naturskildring - og siste line røper at det og er eit kjærleiksdikt...

Uppi vieren

Stein i kratt - frå Vårstigen
 

Uppi vieren er der smyle
og i steinane bergjebrur
Nei tjønnane ljose liljur,
og rams og kongsljos i kvikke ur

Nei bekkjene er det sljøkje,
utpå engjine balderbrå
Mauresmellur og humleblomar,
og blåe klokkjer og silkestrå

Inni skogane under grænan,
kvite sjønnur stend tett i tett,
Uti vassigi og på myran,
ja der veks myrull i ljos og let

De ventar vel at eg sko koma,
derfe anga de meg i mot,
Ja no kjem eg, ja eg sko koma,
og leggje meg unde tovo-rot

Så lenge hev eg no drege
saft og honning av den vene blom,
At no må eg gjeva nerk og næring,
te raude rosur og fivreldfjon

Kåvekransar og raude rape,
bergebrurir og siljutein,
Stans eit ørlite ble ihjå meg,
og gjev meg lukka åt ei og ein.