Meiningdebatt

Statens Balletthøgskule og pedagogisk talent

- Kva skal du til hausten?

- Har søkt på Statens.

- Danselina?

- Nei, pedagoglina.

- Men det er vel danse du vil?

- Ja, sjølvsagt, men...

Dette er ein klassisk dialog frå dansemiljøet.

Noreg treng dansepedagogar. Men mange av dei som kjem inn på pedagoglina ved Statens Balletthøgskule, har søkt der avdi den lina er lettare å koma inn på enn danselina, ikkje avdi dei ønskjer å undervise.

Opptaksrutina til pedagoglina startar med prøvedans, dei som kjem vidare går til ein ny runde med prøvedans og intervju, og må også presentere ei sjøl-laga danseøving.

Denne opptaksprosedyra er ikkje god nok. Statens Balletthøgskule har avvist folk som eg kjenner som pedagogiske talent. Fleire av dei har gjevi meg gode korreksjonar under trening. Dei drømmer om å undervise. Kvifor kom dei ikkje inn?

Dei vart silt ut avdi Statens Balletthøgskule legg større vekt på teknisk dugleik enn ønsket om å lære frå seg dans. Det går utover mange som søker ped-lina avdi dei faktisk drømmer om å få undervise.

Ja, sjølvsagt må ein dansepedagog ha teknikk. Men viktigare er kanskje at dei har "pedagogauge", at dei ser feil arbeidsmåte før det vert skader av det. Og kva med inspirerande kraft, undervisningsglede?

Så lite tel det siste for Statens Balletthøgskule, at dei stundom tek inn søkarar til danselina - på pedagoglina! Klarare kan dei ikkje vise at "pedagoglina" eigentleg er "B-line dans".

Noreg treng dansepedagogar, for alle aldersgrupper og på alle nivå. Men etter opptakspraksisen å døme, er den sentrale utdanninga i Noreg ei pedagogline berre i namnet.

Ei betre opptaksprosedyre ville vera å intervjue alle søkarar før prøvedans, og la ønsket om å undervise telje med ved fyrste siling! Det ville vera med å fange opp pedagogiske talent og sende ut signal om at undervisningsglede vert vektlagt på pedagoglina.