Meiningdebatt

Dans og ord

I Aftenposten av 25. mars 1999 melde Frederik Rütter Kjetil Skøyen sin dans "Blekkhusets natt". Eg har ikkje sett verket, og Rütter sin tolking verker god, men eg vil gjerne kommentere ein detalj.

I meldinga av "Blekkhusets natt" skriv Rütter: "På samme måte synliggjør han at evnen til å kommunisere ikke springer ut fra om vi forstår hverandres språk eller ei. Forståelse og kontakt verken øker eller minsker av den grunn."

Dette synet røper ein dansar av den gamle skule. Det er ei nedvurdering av samtalen som form, og ordet som kommunikasjon.

Kommentaren er stikk i strid med tendensen i store delar av det moderne dansemiljøet. Mange av dei mest interessante prosjekta i dag jobber i grenselandet der ord og dans møtest og utdjuper kvarandre.

Det er ei klassisk myte at dansarar har ein aversjon mot ordbruk, og i visse miljø vert stilen som "dum dansar" beint fram dyrka. Likevel går få så langt som å hevde at språkforståing ikkje bidreg til kommunikasjon i det heile, slik Rütter her gjer.